From Wikipedia, the free encyclopedia
Jevpatoria[lower-alpha 1] er ein by på Krimhalvøya i Ukraina. Han ligg 65 km nord for Sevastopol. Byen har kring 125 000 innbyggjarar (2011).
Jevpatoria | |||
Євпаторія, Евпатория, Kezlev | |||
by | |||
Utsyn over Jevpatorija | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Høgd | 10 moh. | ||
Koordinatar | 45°12′13″N 33°21′41″E | ||
Areal | 120 km² | ||
Folketal | 123 456 (2011) | ||
Folketettleik | 1 029 / km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 97400 — 97490 | ||
Retningsnummer | +380-6569 | ||
Tidlegare namn | Kezlev (Gezlev) (til 1784) | ||
Jevpatoria 45.2°N 33.358333333333°E | |||
Kart som viser Jevpatoria.
| |||
Wikimedia Commons: Yevpatoria | |||
Nettstad: http://www.kalamit.info/ | |||
Byen er ein bade- og kurstad og har ein næringsmiddelindustri. Byen har ein stor moské frå 1552 og ei gresk-ortodoks domkyrkje.
Byen vart grunnlagd som ein gresk koloni på 500- eller 400-talet f.Kr., og vart erobra av Mithradates VI Evpator av Pontos, som byen fekk namnet sitt etter, i første hundreåret f.Kr. Byen kom så under romarar, austromarar og gotarar. I mellomalderen vart byen under namnet Gözleve hamneby for Krim-khanatet, og var den nest største byen på Krim etter hovudstaden til tatarkhanen, Bakhtsjisaraj.
Frå slutten av 1700-talet vart Jevpatoria den viktigaste tilhaldsstaden for karaittane på Krim. Karaittane var ei jødisk sekt med utspring i Mesopotamia på 700-talet. Dei kom til Krim frå Egypt og Palestina på 1200-talet som følgje av det første krosstoget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.