Jermain Defoe

britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jermain Defoe
Remove ads

Jermain Colin Defoe (fødd 7. oktober 1982) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spelt for Tottenham Hotspur sidan 2009.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Jermain vart fødd i London. Mora kom frå St. Lucia og faren frå Dominica. Det fyrste laget Jermain spelte for, var London-klubben Senrab. I ungdomstida spelte han òg for Charlton Athletic før han kom til West Ham United. Han kom på West Ham sitt fyrstelag i 1999. I 2004 bytte han klubb til Tottenham, deretter til Portsmouth før han reiste tilbake til Tottenham i 2009. Han var Tottenham sin toppskårar i Premier League i 2004/05- og 2009/10-sesongen.

Remove ads

Landslagsspel

Defoe spelte for det engelske landslaget frå 2004. Han fekk ikkje delta i fotball-VM 2006, men var ein del av troppen i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han det einaste målet i kampen mot Slovenia i gruppespelet. Defoe fekk sin 57. og siste landskamp på Hampden Park i juni 2017. Han var innbytar då Skottland og England spelte uavgjort i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2018. Defoe noterte seg for 20 landslagsmål.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads