From Wikipedia, the free encyclopedia
Jens Richard Nilsen (28. august 1880–28. februar 1964) var ein norsk teiknar og illustratør. Han laga ei mengd karikaturar, vitseteikningar og teikneseriar frå 1905 og nesten seksti år framover, ofte under signaturen Jens R.
Jens R. Nilssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. august 1880 Valberg kommune |
Død |
28. februar 1964 (83 år) |
Yrke | illustratør, teikneserieskapar |
Jens R. Nilssen vart fødd og voks opp på Valberg i Lofoten. Han gjekk på Kunst- og handverksskulen i Oslo, reiste så til Peder Severin Krøyer sin målarskule i København. Han fekk med måleri på Haustutstillinga i 1905 og i 1907. Frå då av tok han til å teikne i satiriske moroblad som Hvepsen, Humoristen og Karikaturen. Etter kvart vart han ein av dei mest brukte og kjende illustratørane i landet. Han illustrerte også mange bokomslag og barnebøker. Jens R. er likevel mest kjend som ein teikneseriepioner med Smørbukk og Tuss og Troll for Norsk Barneblad, Vangsgutane for Fonna Forlag og Haukepatruljen, frå 1930 til 1959, for Ukemagasinet. Desse vart etter kvart samla i eigne hefte.
Kjennemerket på teikningane til Jens R. er ein tynn og presis pennestrek i ein stil som kombinerer realisme, karikatur og solid teiknehandverk. Jens R. var uvanleg produktiv. Han skal ha laga rundt tusen teikningar for året i over femti år. Teiknestilen hans forandra seg praktisk talt ikkje i desse åra.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.