svensk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Jan Oscar Sverre Lucien Henri Guillou (fødd 17. januar 1944) er ein svensk journalist og forfattar fødd i Södertälje i Stockholms Län. Utanfor heimlandet er Jan Guillou mest kjend for bokserien om den svenske agenten Carl Hamilton, som er filmatisert og vist mellom anna på norsk TV. I tillegg til den har den historiske romanserien om krossfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket vore på bestseljarlistene i fleire land.
Jan Guillou | |
Statsborgarskap | Sverige, Frankrike |
Fødd | 17. januar 1944 (80 år) Södertälje |
Yrke | skribent, journalist, sjølvbiograf, manusforfattar, forretningsdrivande |
Ektefelle | Ann-Marie Skarp |
Born | Ann-Linn Guillou |
Jan Guillou på Commons |
Guillou kom først i søkelyset som journalist i 1973, då han - saman med kollegaen Peter Bratt - avslørte eksistensen av det svenske Informationbyrån (IB), og deira omfattande overvaking av venstreradikale svenskar gjennom etterkrigstida, kjend som IB-affären. For si rolle i avsløringa vart Guillou dømd til fengsel for spionasje.
På slutten av 1990-talet tufta Guillou det frittståande bokforlaget Piratförlaget saman med Sigge Sigfridsson, Liza Marklund og kona Ann-Marie Skarp. Forlaget har no òg fått eit norsk systerforlag, som Guillou publiserer bøkene sine på; Piratforlaget.
Guillou skriv regelmessig for det svenske Aftonbladet, og er ein annerkjend deltakar i samfunnsdebatten. Han har opp gjennom åra stått fram med mykje krass kritikk av samfunns- og medieutviklinga i Sverige, og på det viset heile Vesten.
Soga om Arn Magnusson:
Bøker om Hamilton:
Andre bøker:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.