From Wikipedia, the free encyclopedia
Jørgen Leth (fødd 14. juni 1937) er ein dansk journalist, forfattar, TV- og filmmann, føredragshaldar og meir.
Leth er fødd i Århus og bur no hovudsakleg i Haiti.
Han var aktiv innan dansk film som konsulent for Kortfilmrådet (1971–1973) og programredaktør for Statens Filmcentral (1975–1977). Han regisserte kortfilmen «Det Perfekte Menneske» for Lars von Trier sitt filmprosjekt De Fem benspænd i 2003. Han har i Danmark i seinare tid særleg vore kjend som «poetisk syklingskommentator» saman med Jørn Mader, og kommenterte Tour de France for dansk TV2 frå 1989 til 2005.
I 2005 gav Leth ut den sjølvbiografiske boka Det uperfekte menneske der han openhjarta skildra livet sitt, mellom anna korleis han hadde samleie med tenåringsdottera til tenarane sine på Haiti. Boka skapte stort oppstyr i Danmark, og førte til at han trekte seg frå TV2-jobben og stillinga som dansk æreskonsul på Haiti, som han hadde vore sidan 1991.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.