Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jérémie (haitisk: Jeremi) ein by i Haiti og hovudstad i departementet Grand’Anse i Haiti. Han hadde eit folketal på om lag 31 000 i 2003. Byen er nesten isolert frå resten av landet.
I 1964 vart 27 personar massakrerte under Jérémievesperen, ein massakre som vart utøvd av den haitiske hæren og av militsen Tonton Macoutes, etter at tretten medlemmer av Jeune Haiti tidleg i august 1964 hadde forsøkt å styrte regjeringa til diktatoren François Duvalier («Papa Doc»).
Jérémie vert gjerne kalla diktarbyen ettersom mange forfattarar, diktarar og historikarar, som Etzer Vilaire og Emile Roumer, er fødde der.
Far til forfattaren Alexandre Dumas den eldre, general Thomas-Alexandre Dumas, vart fødd i Jérémie.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.