From Wikipedia, the free encyclopedia
Jærstrendene er eit langstrekt strandområde langs kysten av Jæren i Rogaland. Strendene utgjer ein særprega landskapstype med viktige geologiske, botaniske, zoologiske og kulturhistoriske element. Store delar av strendene er verna som Jærstrendene landskapsvernområde.
Jærstrendene er rundt 70 kilometer lange. Dei strekker seg frå Sør-Jæren og den tre kilometer lange sandstranda mellom Ogna og Brusand og nesten til nordspissen av Jæren, i Randaberg ved Boknafjorden. Ein finn også liknande strender på Karmøy nord for fjorden.
Jæren består for det meste av éin stor morenerygg, der grunnfjellet berre bryt gjennom nokre få stader langs kysten. Bortsett frå granittrabbane i søraust og nokre skiferfjell i nord, består strendene av anten finmalen sand eller morenestein som er blitt frakta med isen under istida og vaska reine for sand av havet. Nokre stader der havet står rett på, finn ein store samlingar av rullestein laga av dønningane.
Sanden på strendene er kvitleg og ligg i eit nokså tynt lag oppå rullestein og svaberg. Mykje av han er samla i sanddyner. Desse er primærdyner, det vil seia at dei endrar form og kan spreia sand.[1] Dynene er stort sett blitt forma etter 1900 gjennom planting av marehalm.
Figgjoelva, ei god lakseelv, renn ut i havet på Selestranda.
Strendene er mellomlandingsområde for trekkfuglar under vår- og hausttrekk, og blir også brukt som overvintringsstad for mange artar. Desse nyttar seg av grunnene og tarevollane ein finn langs strendene, og dei næringsrike vatna innanfor. I sanddynene finn ein ein spesiell flora og fauna, med fleire truga artar.
Som biotopar er jærstrenden utsette. Bortsliting av plantedekket har fleire gonger ført til sandflukt og øydelegging av matjord.
Store delar av strendene er verna på ulikt vis, hovudsakleg for å ta vare på den skjøre og unike naturen og landskapet. Særleg er ferdsel som kan slita på plantedekket avgrensa.
Jærstrendene landskapsvernområde ligg i kommunane Klepp, Hå, Randaberg og Sola i Rogaland. Området blei oppretta i 2003 og er på 34 km² landareal og 79 km² sjøareal. Landskapsvernområdet er oppretta på grunn av sitt eigenarta kultur- og naturlandskap.
Delar av det verna området inngår i Jæren våtmarkssystem, som står på lista over internasjonalt viktige våtmarksområde under Ramsar-konvensjonen.
Tradisjonelt har strendene vore brukt av menneske til tarehausting og fiske. I dag er dei eit fritidsområde der ein kan gå tur, sola seg, surfa og bada. Den vestlandske hovudvegen som går eit stykke langs jærstrendene er i dag brukt som turveg etter å ha blitt avløyst av Riksveg 44 som transportåre.
Det ligg gardsbruk tett opp mot strendene. Det finst også fyr og eit lite tal særs ettertrakta hytter.[2] Under andre verdskrigen blei det også sett opp forsvarsverk her som framleis står. Fleire fyr og andre gamle bygg er blitt omgjort til kulturelle møtepunkt, til dømes Hå gamle prestegard, der det blir halde kunstutstillingar, og Obrestad fyr like ved. Ved Orrestranda ligg det landskapstilpassa Friluftshuset, med mellom anna utstillingar og informasjon om jærstrendene.
Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand. Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. |
Mange kunstmålarar, dei såkalla jærmålarane har lete seg inspirera av naturen og det særskilde på Jæren og ved strendene der. Jærstrendene er også skildra litterært, mellom anna i verka til forfattarar som Arne Garborg og Alexander Kielland.
Kunstprosjektet «Another Place» av skulptøren Antony Gormley blei utstilt på ei av strendene, Solastranda, i 1990-åra. Elevprosjektet «Spor i Sand», med oppsetjing av fleire sandskulpturar på Orrestranda, tok til i mai 2007, med ei planlagd fullføring i mai 2008.[3]
Jærstrendene har namn etter områda dei ligg ved. Ofte utelèt ein å nemna «-stranda» når ein snakkar om dei.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.