Jærbanen vart opna i 1878 som ein smalsporbane (1067 mm), i 1944 vart bana omgjort til ei normalsporbane (1435 mm). I 1956 vart linja elektrifisert. På grunn av høg lokaltrafikk vart linja utvida med dobbeltspor frå Stavanger til Sandnes stasjon. Anleggsarbeidet starta i oktober 2006. Offisiell opning fann stad på den nye Paradis haldeplass måndag 14. desember 2009 med samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa til stades.
Jærbanen har eit sidespor, Ålgårdbanen, som går frå Ganddal til Ålgård, ein avstand på 12 kilometer. Ålgårdbanen hadde passasjertrafikk frå opninga i 1924 og fram til 1955, men vanleg godstrafikk heldt fram til 1988. I dag kan du i sommarhalvåret leiga dresin på den nedlagde Figgjo stasjon, som er eit museum.
Bryne stasjon - 30,4 moh. Stasjonen vart opna i 1878
Hognestad haldeplass, haldeplass frå 1879 til 198?
Nærbø stasjon - 31,4 moh. Stasjonen vart opna i 1878
Varhaug stasjon - 44,3 moh. Stasjonen vart opna i 1878
Vigrestad stasjon - 32,6 moh. Stasjonen vart opna i 1878
Brusand stasjon - 2,8 moh. Stasjonen vart opna i 1879
Ogna stasjon - 4,4 moh. Stasjonen vart opna i 1878
Sirevåg stasjon - 13,9 moh. Stasjonen vart opna i 1879
Vatnamot haldeplass, haldeplass frå 1879 til 1950
Hellvik stasjon - 18,1 moh. Stasjonen vart opna i 1878
Maurholen haldeplass. «Lille Sirevaag» haldeplass frå 1879 til 1921. "Lille Sirevåg" haldeplass frå 1921 til 1934. Maurholen haldeplass frå 1934 til 1944.
Egersund stasjon - 11,1 moh. Stasjonen vart opna 1944 i samband med opninga av Sørlandsbanen. Den gamle stasjonen frå 1878 låg vel ein kilometer frå den nye stasjonen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.