From Wikipedia, the free encyclopedia
Isjim (russisk Ишим; kasakhisk Есил, Esil) er ei elv som renn gjennom Kasakhstan og Russland med ei lengd på 2 450 km. Ho spring ut frå det nordvestlege hjørnet av Det kasakhstanske høglandet og er ei av sideelvane til Irtysj frå venstre. Isjim er delvis framkommeleg og renn gjennom Astana, hovudstaden i Kasakhstan.
Isjim | |||
elv | |||
Isjim i Astana, ein populær transportveg om vinteren når ho frys til. | |||
Land | Kasakhstan, Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 177 000 km² | ||
Renn gjennom | Astana | ||
Lengd | 2 450 km | ||
Middelvassføring | 56,3 m³/s | ||
Kjelde | Det kasakhstanske høglandet | ||
Munning | Irtysj | ||
Isjim 50.6346°N 73.1946°E | |||
Wikimedia Commons: Ishim River | |||
Vidare frå Astana renn elva til Atbasar og ved Derzjavinsk renn ho nordover. Seinare renn ho gjennom Esil, som er kalla opp etter elva, samt Petropavl i nord ved grensa til Russland. Ho held fram inn i sørlege område av Russland og renn her gjennom byen Isjim, som òg er kalla opp etter elva.
I følgje presidenten av Kasakhstan, Nursultan Nazarbajev, vart Astana vald til hovudstad sidan han låg nær elva. Byen er delt inn i to delar. På den høgre sida ligg gamlebyen, medan den nyare bydelen med det nye regjeringskvartalet ligg på venstre sida.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.