From Wikipedia, the free encyclopedia
Grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924) eller (Irish) Boundary Commision vart oppnemnd i 1924 i samsvar med artikkel 12 i den anglo-irske avtala frå 6. desember 1921 som avslutta den irske sjølvstendekrigen 1919-1921. I denne paragrafen heitte det at ein kommisjon
to be appointed by the British Government shall determine in accordance with the wishes of the inhabitants, so far as may be compatible with economic and geographic conditions, the boundaries between Northern Ireland and the rest of Ireland, and for purposes of the Government of Ireland Act, 1920, and of this instrument, the boundary of Northern Ireland shall be determined such as may be determined by such Commission.[1]
Den anglo-irske avtala føreskreiv ein trepartsoppnemnd kommisjon, der to av partane måtte påreknast å oppnemna ein tilhengjar av det alt etablerte Nord-Irland og Ulster Unionist Party sitt regime der. Dei nord-irske styresmaktene markerte si motvilje mot å endra dei etablerte grensene ved å nekta å oppnemna ein medlem i grensekommisjonen. London-styresmaktene oppnemnde difor deira representant. Medlemer i kommisjonen vart:
Kommisjonen arbeidde fram til og gjennom det meste av 1925,[2] vitja grenseområde (både i Nord-Irland og i Fristaten) og henta inn synsmåtar på grensa og eventuell grenseendring. Då arbeidet vart avslutta, vart kommisjonsmedlemene samde om at vurderingane hadde gjort og det materialet kommisjonen sat på, ikkje skulle gjerast offentleg før kommisjonen kunne samla seg bak ein rapport. Ein lekkasje i den britiske avisa Morning Post 7. november 1925 torpederte dette opplegget. Avisa kunne melda at delar av det austlege grevskapet Donegal skulle førast over til Nord-Irland, medan delar av det sørlege grevskapet Armagh skulle førast over til Fristaten. Representanten McNeill trekte seg då frå kommisjonen og skulda kommisjonsleiaren Feedham for å ha late seg påverka av politiske ynskje. 3. desember 1925 vart dei tre styresmaktene samde om at grensa skulle vera uendra slik dei var etter Government of Ireland Act, dvs. fylgja dei gamle grevskapsgrensene slik at Nord-Irland femna om dei seks grevskapa Antrim, (London)Derry, Fermanagh, Tyrone, Armagh og Down. Rapporten frå kommisjonen vart ikkje publisert før i 1969.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.