From Wikipedia, the free encyclopedia
Erbil (sorani ھەولێر Hawler; arabisk أربيل Arbīl), òg skrive Arbil eller Irbil (gammalsyrisk ܐܪܒܝܠ Arbyl), er hovudstaden i Irakisk Kurdistan i Irak. Han ligg kring 350 km nord for Bagdad. Guvernementet har eit folketal på kring 1,6 millionar innbyggjarar (2011).[2]
Erbil | |||
ھەولێر | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Autonom region | Irakisk Kurdistan | ||
Guvernement | Erbil guvernement | ||
Del av | Kurdistan i Irak | ||
Høgd | 390 moh. | ||
Koordinatar | 36°11′28″N 44°0′33″E | ||
Areal | 197 km² | ||
Folketal | 852 500 (2015)[1] | ||
Tidssone | GMT+3 (UTC+3) | ||
Postnummer | 44001 | ||
Retningsnummer | 066 | ||
Arbil 36.191111111111°N 44.009444444444°E | |||
Kart som viser Arbil.
| |||
Wikimedia Commons: Arbil | |||
Nettstad: http://hawlergov.org/ku/index.php | |||
Ein kan datere busetnader i Erbil attende til kanskje år 5000 fvt. og det er ein av dei eldste kontinuerleg busette områda i verda.[3] I hjartet av byen ligg Arbil citadell frå antikken. Byen vart først nemnt i historiske kjelder i Ur III-dynastiet i Sumer, då kong Shulgi nemnde byen Urbilum, som er det assyriske oldtidsnamnet på Arbil.[4][5]
Erbil vart ein viktig del av kongedømet Assyria frå minst 2000-talet fvt. til slutten av 600-talet fvt, og vart i assyriske kjelder til forskjellige tider kalla Urbilim, Arbela og Arba-ilu. Etter dette vart han ein del av den geopolitiske provinsen Assyria under forskjellige imperium, inkludert medearane, Akamenide-dynastiet (Akamenidsk Assyria), Det makedonske riket, selevkidane, Partia (Athura), Assyria i Romarriket og Sasanideriket (Assuristan), i tillegg til at han var hovudstaden i den ny-assyriske staten Adiabene mellom midten av 100-talet fvt. og tidleg på 100-talet evt. Etter den arabiske erobringa av Persia, vart Assyria som geopolitisk eining (då kjend som Assuristan/Athura) langsamt oppløyst, og i mellomalderen vart byen styrt av seldsjukkane og dei osmanske tyrkarane.[6]
Det arkeologiske museet i Erbil husar ei stor samling med før-islamske objekt (særskild sumerisk og assyrisk) og er sentrum for arkeologiske prosjekt i området. Byen vart utnemnt til arabisk turisthovudstad i 2014 av Det arabiske turistrådet.[7][8] I juli 2014 vart Erbil citadel registrert som verdsarvstad av UNESCO.
Byen er etnisk mangfaldig med kurdarar, assyrarar, arabarar, armenarar, tyrkarar, jesidiar, shabakiar og mandearar. Han er like religiøst mangfaldig med truande innan sunniislam, sufisme, sjiaislam, kristendom (hovudsakleg assyrarar og armenarar), jesidismen, jarsanisme, shabakisme og mandeisme.
Klimaet i Erbil er varmt middelhavsklima (Csa) i følgje Köppen si klimaklassifisering, med ekstremt varme somrar og kjølege, våte vintrar. Januar er den våtaste månaden.[9]
Vêrdata for Erbil | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 20 | 27 | 30 | 34 | 42 | 44 | 48 | 49 | 45 | 39 | 31 | 24 | 49 |
Gjennomsnittleg maks °C | 12,4 | 14,2 | 18,1 | 24 | 31,5 | 38,1 | 42 | 41,9 | 37,9 | 30,7 | 21,2 | 14,4 | 27,2 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 7,4 | 8,9 | 12,4 | 17,5 | 24,1 | 29,7 | 33,4 | 33,1 | 29 | 22,6 | 15 | 9,1 | 20,2 |
Gjennomsnittleg min °C | 2,4 | 3,6 | 6,7 | 11,1 | 16,7 | 21,4 | 24,9 | 24,4 | 20,1 | 14,5 | 8,9 | 3,9 | 13,2 |
Lågast målte °C | −4 | −6 | −1 | 3 | 6 | 10 | 13 | 17 | 11 | 4 | −2 | −2 | −6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 111 | 97 | 89 | 69 | 26 | 0 | 0 | 0 | 0 | 12 | 56 | 80 | 540 |
Gns. luftfukt (%) | 74,5 | 70 | 65 | 58,5 | 41,5 | 28,5 | 25 | 27,5 | 30,5 | 43,5 | 60,5 | 75,5 | 50 |
Kjelde: Climate-Data.org,[9] My Forecast for records, fukt, snow and nedbør days[10] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.