From Wikipedia, the free encyclopedia
Innavl er genetisk skylde individ av ein art som økslar seg, eller sjølvmjøling hjå planter. Individ som er skylde deler gjerne mykje av det genetiske arvematerialet, slik at avkom av dei vil syna liten genetisk variasjon. Dette aukar sannsynet for at avkomet arvar to lyteberande recessive allel frå foreldra, slik at lyte som kan henda ikkje var verksame i foreldra vert verksame i avkomet. Ålment sett fører innnavl til nedgang i vekstkraft, leveevne og grøderikdom.
Mange dyr har utvikla åtferd for å minska innavl, til dømes ved at eitt av kjønna dreg lengre bort frå fødestaden enn det hitt. Ofte dreg hannane hjå pattedyr bort, medan det ofte er hoene som dreg bort hjå fuglar. Dessutan har mange høgre planter mekanismar for å hindra sjølvmjøling.
Innavl over lengre tid fører til at dei lyteberande recessive allela vert luka bort til ein slik grad at lokal innavl ikkje lenger er skadeleg i seg sjølv, eller mindre skadeleg enn det kunne ha vore. Dette kan henda ved det ein kallar genetiske flaskehalsar, der populasjonen av ein art vert redusert til eit kritisk steg. Ein slik nedgang råka til dømes gepardane under siste istida, og gepardar har framleis i dag særskilt låg genetisk variasjon.
I husdyr- og plantebetring vert det drive systematisk med innavl mellom utvalde individ for å reindyrka ynskte eigenskapar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.