norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ingrid Bjørketun Heggø (fødd 12. august 1961 i Høyanger i Sogn og Fjordane) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2005 til 2021. Ho var vararepresentant i perioden 1997 til 2001.
Ingrid Bjørketun Heggø | |||
| |||
Fødd | 12. august 1961 (63 år) Høyanger | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Det norske Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Verv | Stortingsrepresentant | ||
Alle verv |
|
Ho er utdanna ved Handelshøyskolen BI, og har der teke grunnutdanning i bank (1981–1983), bankfag (1983–1988), internasjonalisering (1998), bedriftsanalyse I og II (1999–2000) og strategisk leiing og bedriftsutvikling (2000). Frå 1980 til 1981 arbeidde ho som operatør ved Fundo Aluminium, og i perioden 1981–2001 hadde ho ymse stillingar i Vestlandsbanken og Fokus Bank.
Heggø var medlem i styret i både Høyanger AUF og Sogn og Fjordane AUF frå 1977 til 1980. Frå 1992 til 1995 var ho kasserar og styremedlem i Høyanger Arbeidarparti, leiar frå 1995 til 2003, og i perioden 2003–2005 var ho igjen kasserar og styremedlem. Ho vart vald inn i Høyanger kommunestyre for perioden 1991–1995, og ho var varaordførar i kommunen frå 1995 til 2003. Frå 2001 til 2005 var ho også sekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
I perioden sin på Stortinget har ho vore medlem av Justiskomiteen 2005-2009, Næringskomiteen 2009-2017, og Finanskomiteen 2017-2021. Varamedlem i Valkomiteen 2005-2009 og fast medlem 2013-2021. Sidan 2007 har ho også vore med i sentralstyret i Arbeidarpartiet.
Heggø er ei av berre seks kvinner frå Sogn og Fjordane som har representert fylket på Stortinget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.