From Wikipedia, the free encyclopedia
Ingeborg Møller (29. desember 1878–18. februar 1964), opphavleg Katharina Elisabet Storm, var ein norsk forfattar frå Oslo. Ho var dotterdotter til Peter Andreas Munch.
Ingeborg Møller | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. desember 1878, 1878 Christiania, Oslo |
Død |
18. februar 1964, 1964 (85 år) |
Yrke | biograf, skribent, skodespelforfattar |
Born | Dan Lindholm |
Møller gav frå 1923 ut ei rekke romanar som tok opp kulturhistoriske emne, gjerne prega av eit antroposofisk og religiøst grunnsyn. Trilogien om Job Sveinungsson kom ut 1925–29, omarbeidde ho på sine eldre dagar til Herrens regn. I den nemnde trilogien og i mange andre romanar synte Møller seg som ein kjennar av tenkemåtar, stil og miljø i ulike periodar. I 1948 gav ho ut ein biografi over Henrik Steffens, året etter kom Goethe, et omriss av hans liv og verk. Hennar siste bok, eventyrsamlinga Ridderen med det mørke smilet, kom ut i 1958.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.