InkaLill eller Ingalill Røsberg (fødd 13. september 1957) er ein norsk teikneserieskapar som er mest namngjeten for fantasyteikneseriane sine. InkaLill er oppvaksen i Ullensvang i Hardanger, men bur på Flatåsen i Trondheim, og er medlem av Trondheimstegnerne.

Kjappe fakta
InkaLill
StatsborgarskapNoreg
Fødd13. september 1957 (67 år)
Noreg
Yrkeillustratør, teikneserieskapar
Lukk

Ho er utdanna biletkunstnar ved Statens handverks- og kunstindustriskule 1977 – 79 og Statens Kunstakademi 1979 – 83. Utover teikneseriearbeidet sitt arbeider InkaLill også som illustratør.

InkaLill har mellom anna laga teikneseriane Eldflygaren (gjekk som føljetong i Norsk Barneblad), Felina, Ridderne av Dor og Miranda.

Fantasy-serien Ridderne av Dor vart i åra 1992–2000 utgjeven i 7 bind av Bladkompaniet. Til då var dette den største satsinga på albumutgjevnad av ein ny, norsk teikneserie.

Miranda er eitt av dei mest ambisiøse norske teikneserieprosjekta nokonsinne; eit fantasy-epos i 24 bind med høg kvalitet; også når det gjeld trykk og innbinding. Det var opphavleg meininga at Miranda skulle koma ut to gonger i året, og dermed gjennomførast på tolv år. Våren 2009 var foreløpig seks bind utgjevne på Westwind forlag, seks år etter det fyrste bindet frå 2003.

Utmerkingar

  • Sproingprisen 1992, for Hjertets knekt (Ridderne av Dor 1)
  • Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 1995, for Felina
  • Sproingprisen 1996, for Lovens bokstav (Ridderne av Dor 4)
  • Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 1997, for Keiser Overall (Ridderne av Dor 5)
  • Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 2000, for Tidens trapp (Ridderne av Dor 7)
  • Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 2003, for Fargenes mester (Miranda 1)

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.