From Wikipedia, the free encyclopedia
Indo-gresk kultur er ein hellenistisk kultur som oppstod etter at grekarar leidd av Aleksander den store kom inn i Sør- og Sentral-Asia på 300-talet f.Kr. Over tretti greskætta kongar herska over ulike kongerike i området. Herskarane blei avløyst av skytarar og yuezhiar i første hundreåret, men etterkomarane fortsette å bu i områda. Den indogreske kulturen påverka nordindisk kunst, og hadde særleg sterk tyding for utviklinga av buddhistisk skulptur.
Aleksander den store trengde fram til den panjabiske Bjas-elva i 326 f.Kr. Dette er det første sikre årstalet i indisk historie. Etter at han døydde blei greske herskarar verande i nordvestlege India, Pakistan og Afghanistan. Indiske kjelder hadde kalla det greske kongedømet Baktria Yavana. Frå rundt 175 f.Kr. brukte dei same nemninga om det indo-greske kongedømet i Panjab.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.