From Wikipedia, the free encyclopedia
Ilmen (russisk Ильмень) er ein historisk viktig innsjø i Novgorod oblast i Russland, som tidlegare var ein viktig del av handelsruta frå væringane til grekarane. Byen Novgorod ligg seks kilometer nedanfor utsiget til innsjøen.
Ilmen | |||
innsjø | |||
Frå sørkysten av Ilmen. | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Msta, Lovat, Sjelon | ||
Utløp | Volkhov | ||
Høgd over havet | 18 moh. | ||
Lengd | 40 km | ||
Breidd | 32 km | ||
Areal | 982 km² | ||
Volum | 908 km³ | ||
Koordinatar | 58°20′N 31°20′E | ||
Ilmen 58.266666666667°N 31.283333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ilmen Lake | |||
Han har eit gjennomsnittleg overflateareal på 982 km² (kan variere frå 733 til 2090 km² avhengig av vassnivået). Innsjøen får vatn frå 52 elvar og dei fire største er Msta, Pola, Lovat, Sjelon og har eitt utsig, Volkhov som munnar ut i Ladoga og vidare via Neva til Finskebukta.
Vassnivået vert regulert av Volkhov vasskraftverk i elva Volkhov. I juli har innsjøen ein temperatur på 19-20 °C og badesesongen varer om lag 90 dagar. Det går skipsruter frå Novgorod til Staraja Russa og frå Novgorod til Sjimsk.
Namnet Il’men’ er av austersjøfinsk opphav, som mange elve- og innsjønamn i mellom det austersjøfinske og mordvinske området. Det moderne finske namnet på sjøen er Ilmajärvi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.