Ignác Halász
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ignác Halász (26. mai 1855–9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk språkforskar, litteraturvitar, lærar og medlem av Det Ungarske Vitskapsakademiet (frå 1888). Halász er viktig for språkhistoria i Norden ved at han var den første som utførte ei systematisk gransking av sørsamisk.
Ignác Halász | |||
| |||
Fødd | Fischer Ignác 26. mai 1855 Tés | ||
---|---|---|---|
Død | 9. april 1901 Budapest | ||
Nasjonalitet | Keisardømet Austerrike, Austerrike-Ungarn | ||
Område | språkvitskap | ||
Yrke | lingvist, litteraturhistorikar, skolelærer | ||
Alma mater | Eötvös Loránd-universitetet | ||
Medlem | Det ungarske vitskapsakademiet Suomalais-Ugrilainen Seura |
Far til Halász var først lærar, deretter kjøpmann. Han planla ei karriere som vitskapsmann for sonen, og gav han målretta privatundervisning. Ignác Halász gjekk grunnskolen i Várpalota, og gymnaset i Veszprém. I 1873 skreiv han seg inn på humanistisk fakultet ved Budapest universitet. Lærarane hans på universitetet var Ferenc Toldy, Ágost Greguss, Gusztáv Heinrich og Josef Budenz. Særleg Budenz sit arbeid med samanliknande språkforsking var viktig for Halász. I løpet av universtietsstudiet fekk han stipend for å skrive om samisk morfologi, noko han gjorde i lag med Móric Szilas. Halász avla lærareksamen 1877 og var deretter lærar i Budapest og Székesfehérvár. Halász avla doktorgraden i 1881.
Halász vart medlem av det ungarske vitskapsakademiet i 1888, og av Finsk-ugriska sällskapet i Helsingfors i 1889. I 1893 var han privatlærar i ungarsk samanliknande språkforskin ved Budapest universitet, og seinare same år underviste han i same emne ved universitetet i Cluj.
Med støtte frå det ungarske vitskapsakademiet gjennomførte Halász tre vitskaplege ekspedisjonar til samane i Sverige og Noreg. Der samla han språkleg og etnografisk materiale. Den første reisa varte frå juni til september 1884, og gjekk via Warsawa og Finland til dei sørsamiske områda, der han budde i lag med sørsamane. Den andre og tredje reisa gjorde han i 1886 og 1891. Hovudverket hans er Svéd-lapp nyelv I–VI ("Sverige-samisk språk I-VI"), framleis ei viktig kjelde til kunnskap om sørsamisk språk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.