From Wikipedia, the free encyclopedia
IALA maritime bøyesystem er eit system for flytande sjømerke, bøyer og stakar tilrådd av IALA og i bruk i store delar av verda. Systemet er delt inn i to variantar for to ulike regionar: Region B er alle amerikanske statar, Japan, Republikken Korea og Filippinane, region A er resten av verda.
Kvar merketype har sin eigenarta farge, form og om det har lysblink har det sin eigen lyskarakteristikk.
Eit av fire merke markerer ein fare i forhold til eit kardinalpunkt. Trafikken vert leia nord, aust, sør eller vest for punktet. Mønster av dei to farga gul og svart samt plassering av to kjegleforma gjenstandar i toppmerket fortel kva kardinalmerke ein observerer og kva side av merke trafikken skal passere:
Ein hugseregel for lyskarakteristikken er klokkeskiva: nordmerket har kontinuerlege blinkar, austmerket har tre blinkar, sørmerket har seks pluss ein lang medan vestmerket har ni blinkar. Kjeglene på sørmerket peikar ned som sør på kartet, på nordmerket peikar opp som nord på kartet og vestmerket har ei kjegle som ein v på toppen.
Sideavmerking eller lateralmerke vert bruka for å markere ein kanal, ei skipslei eller eit hamneinnlaup. Farge på merke og eventuelt lys samt form på merket fortel om trafikken skal passere med merket om styrbord eller om babord. Trafikk som følgjer merkinga si hovudretning skal ha grøne merke på styrbord side og raude merke om babord, og motsett for trafikk som går mot hovudretninga. I regelen er hovudretninga definert i retning nord og inn fjordar og kanalar, men dette må alltid lesast av sjøkartet.
Om ein forlèt ei hamn skal ein ha raudt merke om styrbord.
Merket frittliggande fare eller grunne også kalla midtgrunnemerke. Trafikken kan gå på alle sider av grunnen eller faren som er markert.
Eit senterleismerke kan markere midten av ein kanal eller eit anna trygt område. Trafikken kan gå på alle sider av merket.
Spesialmerka vert nytta til å markere forskjellige typar område som skips- og båttrafikken skal halde klar frå, så som område for militærøvingar, område med kablar eller oljerøyrleidningar, lagringsstader og område for rekreasjon.
I det vesentlege skil reglane i systemet for region B seg berre på eit punkt i forhold til region A: lateralmerka har bytt farge. I region B har babord lateralmerke grøn farge og styrbord merke har raud farge. Forma på toppmerket er den same slik at styrbord merke er trekanta / konisk medan babord merke er kvadratisk i begge regionar. Sjå dette dokumentet hos IALA Arkivert 2006-10-08 ved Wayback Machine. (pdf) som skildrar lateralmerka.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.