norsk målar From Wikipedia, the free encyclopedia
Johan Christian Clausen Dahl (24. februar 1788–14. oktober 1857) var ein norsk kunstmålar. Han vert ofte omtala som J. C. Dahl eller I. C. Dahl.
J.C. Dahl | |
Portrett av I.C. Dahl av C.A. Jensen frå rundt 1815. Tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. februar 1788 Bergen |
Død |
14. oktober 1857 (69 år) |
Utdanning | Det Kongelige Danske Kunstakademi |
Yrke | kunstmålar, professor |
Periode | Nasjonalromantikken |
Sjanger | landskapsmåleri |
Ektefelle | Emilie von Block, Amalie von Bassewitz |
Born | Siegwald Dahl, Caroline Elisabeth Dahl |
J.C. Dahl på Commons |
Han blir rekna som den første norske biletkunstnaren som kunne måla seg med europeiske meistrar, og som ein av grunnleggjarane av den nasjonalromantiske kunsten som oppstod ved byrjinga av 1800-talet.
Dahl blei fødd i Bergen i 1788 som den eldste av fleire søsken. Far hans (Claus Dahl) var fiskar og flyttmann. I.C. Dahl skulle eigentleg bli handverksmålar, men etter kvart som talentet hans blei oppdaga, blei han hjelpt økonomisk av Lyder Sagen slik at han kunne gå på teikneskule. Dahl studerte mellom anna hjå Johan F. L. Dreier og seinare på Det Kongelige Danske Kunstakademi i København.
I København bygde han seg opp eit namn og flytta seinare til Dresden der han blei professor ved kunstakademiet. Her la han grunnlaget for den norske nasjonalromantiske retninga. Dahl var på stadige besøk til Noreg for å få inspirasjon.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.