Høgt blodtrykk eller hypertensjon er ein kronisk medisinsk tilstand der blodtrykket i pulsårene er uvanleg høgt.[1] Blodtrykket er høgst (overtrykk) når hjartemuskelen trekk seg saman (systole) og minst (undertrykk) når han kvilar (diastole).[1] Det finst ulike definisjonar på normalt blodtrykk, men trykket skal typisk ligge kring 100-140 mmHg systolisk og 60-90 mmHg diastolisk. Ein plar å kalle det høgt blodtrykk når desse verdiane ligg kring 140/90 mmHg over lengre tid.

Thumb
Eit sfygmomanometer som visar hypertensjon. Systolisk blodtrykk (BT) ligg på 158 mmHg, diastolisk på 99 mmHg og hjartefrekvensen på 80 slag per minutt.

Høgt blodtrykk er ei påkjenning for hjarta og kan stundom føra til hypertensiv og koronar hjartesjukdom. Det kan også føra til hjerneslag, aneurismar i blodårene (t.d. aortaaneurisme), perifer karsjukdom og kronisk nyresvikt.[1]

Hypertensjon kan klassifiserast som essensiell (eller primær) og sekundær. Kring 90-95 % av tilfella er essensielle, som tydar at det ikkje finst noko tydeleg forklaring. Resten (5-10 %) av tilfella er sekundære, som tydar at blodtrykket skuldast ein annan tilstand i nyrene, pulsårene, hjarta eller det endokrine systemet.[2]

Diett- og livsstilsendringar kan betre blodtrykket og minske komplikasjonar, men lækjemiddel er påkravd for dei som er alvorleg ramma. Behandling av moderat hypertensjon (>160/100 mmHg) med lækjemiddel kan auka forventa levealder, medan behandling av mildare hypertensjon ikkje kan det.[3][4] Fordelane ved behandling av blodtrykk mellom 140/90 mmHg og 160/100 mmHg er uklåre.[5][6] Nokre studiar finn ingen fordelar, medan andre gjer det.[7]

Sjukdomsteikn og symptom

Høgt blodtrykk er nesten alltid symptomlaust og blir oftast oppdaga ved screening eller ved oppsøking av helsehjelp for eit urelatert problem. Nokre pasientar med høgt blodtrykk klagar på hovudverk (særleg i bakhovudet om morgonen), samt omtåke, ørske, tinnitus, synsforstyrringar og uvete.[8] Desse symptoma treng ikkje skuldast høgt blodtrykk, men kan også kome av angst.[9]

Ved undersøking kan legen mistenkje hypertensjon på grunnlag av hypertensiv retinopati, som kan sjåast ved augespegling av fundus.[10] Alvorlegheitsgrada av hypertensiv retinopati blir oftast gradert frå I-IV, men dei minste gradane kan vere vanskelege å skilje frå einannan.[10] Oftalmoskopiske funn kan også gje ein indikasjon på kor lenge personen har vore hypertensiv.[8]

Sjå òg

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.