From Wikipedia, the free encyclopedia
Hymiskviða (nynorsk Hymeskvida eller Hymeskvæde) er eit kvad i den eldre Edda, kvadet om Hyme (Hymir). Mellom anna handlar kvadet om guden Tor, som heldt på å dra opp Midgardsormen. Innhaldet i kvadet kan verka forvirrande, men handlinga kan oppsummerast slik:
Æsene vitja Ægir, og fann ut at han hadde mange gryter, og difor kunne vera vertskap for dei frametter. Ægir måtte gå med på dette, men stilte eit vilkår. Vilkåret var at æsene måtte ta med seg ei gryte som var stor nok til at mat nok til dei alle kunne varmast. Slik ei stor gryte kunne ikkje skaffast utan vidare. Týr kom på at faren Hyme eigde ei slik gryte. Elles er Týr rekna å vera son av Odin. Æsene reiste av garde til Hyme sin bustad. Tor åt der så mykje at Hyme og gjestane måtte ut på fisketur. I løpet av fisketuren fekk Tor sjølvaste Midgardsormen på kroken. Tor fekk syna fram styrken sin, men Hymir erta han og sa at han kunne ikkje verta kalla sterk om han ikkje kunne knusa Hyme sitt drikkebeger. Begeret var magisk, og kunne berre knusast ved å hiva det mot hovudet til Hyme. Tor fekk til slutt vita om dette, og ynskte å prøva det ut. Hyme sa då at æsene kunne ta med seg gryta og reisa derifrå.
Omsett av Ivar Mortensson-Egnund
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.