Huset Stuart eller Stewart var eit skotsk, og seinare britisk, fyrstehus av normannisk opphav. Namnet stammar frå den gamle skotske tittelen High Steward. Maria Stuart tok i bruk den franske skrivemåten Stuart då ho budde i Frankrike.

Thumb
Monument til dei siste stuartane i Peterskyrkja utført av Antonio Canova (1757–1822).

Huset Stuart herska i Skottland i 336 år, frå 1371 til 1707. Etter at Elisabeth I av England, den siste monarken frå huset Tudor, døydde, kom huset Stuart på trona òg i England og Irland, og styrde dei tre kongerika i personalunion mellom 1603 og 1707. I denne perioden kalla herskarane av huset Stuart seg for kongar og dronningar av Storbritannia, sjølv om ein stat med dette namnet endå ikkje eksisterte. Dronning Anne var den første monarken som herska over eit sameint Storbritannia, frå 1707 til ho døydde i 1714. Etter ho døydde vart huset Stuart etterfølgd av huset Hannover på trona.

Regentar

Skotske monarkar

Meir informasjon Bilde, Namn ...
Bilde Namn Frå Til Tilhøve til forgjengar
Robert II22. februar 137119. april 1390nevø[1] av David II av Skottland som døydde utan arvingar. Mora til Robert, Marjorie Bruce, var dotter av Robert I av Skottland.
Robert III19. april 13904. april 1406son av Robert II
Jakob I4. april 140621. februar 1437son av Robert III
Jakob II21. februar 14373. august 1460son av Jakob I
Jakob III3. august 146011. juni 1488son av Jakob II
Jakob IV11. juni 14889. september 1513son av Jakob III
Jakob V9. september 151314. desember 1542son av Jakob IV
Maria Stuart14. desember 154224. juli 1567dotter av Jakob V
Lukk

Skotske, engelske og irske monarkar

Meir informasjon Bilde, Namn ...
Bilde Namn Frå Til Tilhøve til forgjengar
Jakob VI av Skottland
og
Jakob I av England
24. juli 1567
and
24. mars 1603
27. mars 1625son av Maria I av Skottland og Henry Stuart, Lord Darnley. Konge av Skottland 1567–1603, til han arva tittelen konge av England og Irland, med krava til den franske trona, frå Huset Tudor.
Karl I av England, Skottland og Irland27. mars 162530. januar 1649 (avretta)san of Jakob VI av Skottland og I av England og Irland.
Karl II av England, Skottland og Irland30. januar 1649 (de jure); 2. mai 1660 (de facto)6. februar 1685son av Karl I av England, Skottland & Irland. Forboden av parlamentet frå å ta trona under Det engelske samveldet, men seinare teken som konge med tilbakeverkande kraft.
Jakob II av England
og
Jakob VII av Skottland og Irland
6. februar 168513. februar 1689brotr til Karl II av England, Skottland & Irland, som døydde utan ektefødde arvingar. Son av Karl I. Styrta ved Den ærerike revolusjonen i 1688.
Maria II av England, Skottland og Irland13. februar 168928. desember 1694dotter av Jakob II av England og Irland & VII av Skottland, som framleis var i live og gjorde krav på trona.

Regjerte med Vilhelm III av England og II Skottland, som etterfølgde henne.

Anne av Storbritannia og Irland8. mars 17021. august 1714syster av Maria II, dotter av Jakob II av England og Ireland & VII av Scotland. Namnet på staten blei endra til Storbritannia gjennom lovane Acts of Union 1707. Døydde barnlaus, og rettane gjekk til Huset Hanover.
Lukk

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.