Snøggbåt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Snøggbåt

Ein snøggbåt eller hurtigbåt er ein hurtiggåande båt med høg motoreffekt og eit aerodynamisk skrog som gjer dei raskare enn konvensjonelle båtar.

Thumb
Snøggbåten MS «Draupner» på Vågen i Bergen, på veg til Stavanger.

Snøggbåtar i Noreg

Ruter med snøggbåtar vert ofte kalla ekspress- eller hurtigruter. Frå den første snøggbåten (HF «Vingtor») vart sett i trafikk i Noreg i 1960, er tilbodet stadig utvida og båtane har vortne meir komfortable og pålitelege. Dei har gjort passasjertransporten langs kysten stadig meir effektiv. Hurtigbåtane har gjort det mogleg å utvikle rutetilbodet og samtidig er reisetida korta ned monaleg på mange strekningar. Snøggbåten er mange stader eit raskare alternativ enn vanleg rutebusstransport.

Den 26. november 1999 omkom 16 menneske, då snøggbåten MS «Sleipner» grunnstøtte ved Ryvarden fyr i Sveio i Hordaland.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.