From Wikipedia, the free encyclopedia
Huddersfield Town Association Football Club er ein fotballklubb heimehøyrande i Huddersfield i West Yorkshire i England. Klubben vart skipa 15. august 1908 og vart to år seinare medlem i Football League. Klubben spelar i blå-og-kvitstripete trøyer, kvite bukser og svarte strømper. Heimebane sidan 1994 har vore Kirklees stadion, ei bane med plass til 24 121 tilskodarar.
Huddersfield Town var i tida 1920-38 eit av storlaga i engelsk fotball. Klubben deltok i fem FA-cupfinalar og vart seks gongar nummer 1 eller 2 i ligameisterskapen. Huddersfield Town henta heim FA-cuppokalen i 1922 og sikra seg ligatrofeet i 1924, 1925 og 1926.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.