From Wikipedia, the free encyclopedia
Hetlandhus AS er ein ferdighusprodusent som er ått 100 % av BWG Homes ASA. Selskapet si historie går tilbake til 1912 då det blei etablert av brørne Jens og Kristoffer Hetland. Utgangspunktet var ein snikkarverkstad med produksjon av bygningsartiklar som dører og vindauge. Etter kvart blei det òg trelasthandel og husbygging i lokalområdet. I etterkrigsåra voks selskapet fort og blei ein viktig bidragsytar til gjenreisinga av landet.[treng kjelde] På 1950-talet starta ferdighusproduksjonen og utover 1970-talet blei Hetlandhus ein av landet sine to store ferdighusprodusentar.[treng kjelde]
I 1990 gjekk selskapet inn i Block Watne Gruppen, seinare kalla BWG Homes ASA. Frå 2009 har all produksjonen blitt samla i to av konsernet sine fabrikkar i Sverige der husa blir framstilde med tilnærma 90 % ferdiggrad før dei blir transporterte til byggjeplassen i modular. Selskapet er i dag største produsent av einebustader som modulhus/seksjonshus på norske hender. Hovedkontoret til selskpaet er i Vika Atrium i Oslo. Sal skjer gjennom tilknytte franchise-agentar og selskap som sel produktet som «Privat Branding».
Dagleg leiar er Børre Aursnes og styreleiar er Lars Nilsen (2010).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.