From Wikipedia, the free encyclopedia
Henning Stensrud (fødd 20. august 1977) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Lørenskog. Han vann tre bronsemedaljar i noregsmeisterskap, og vart nummer fire under verdsmeisterskapen 1998 i skiflyging.
Henning Stensrud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. august 1977 (46 år) Lørenskog kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1998 |
Stensrud debuterte i verdscupen i desember 1996, og var med i den norske OL-troppen i 1998. Han var då med på laget som vart nummer fire i laghoppinga, dei andre var Lasse Ottesen, Roar Ljøkelsøy og Kristian Brenden. Hans beste resultat i verdscupen er to fjerdeplassar, i Engelberg og i verdsmeisterskapen i skiflyging i Oberstdorf, begge renna i sesongen 1997/98. Medaljane i skiflygings-VM gjekk til verdsmeisteren Kazuyoshi Funaki, Sven Hannawald (sølv) og Dieter Thoma (bronse). Også i 2000 og 2006 deltok Stensrud i skiflygings-VM, då med liten suksess.
Stensrud kom på bronseplass i NM 1998 i stor bakke, og i normal bakke i 2003 og 2004. I alle dei tre nemnde meisterskapa var han sjanselaus på å vinne NM-tittelen. Han var beste nordmann då han i 2001-sesongen kom han på åttandeplass i normalbakkerennet i VM i Lahti.
Stensrud la opp som aktiv skihoppar i 2008. Seinare har han vore med i trenarteamet til det norske hopplandslaget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.