Hellmobotn

grend i Hamarøy i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia

Hellmobotnmap

67°48′58″N 16°31′08″E

Hellmobotn
Foto: Helge Høifødt
Hellmobotn sett frå fjorden
Foto: Helge Høifødt
Hellmofjorden og platået innanfor Hellmobotn
Foto: Helge Høifødt

Hellmobotn (lulesamisk: Vuodnabahta) ligg i Hamarøy kommune. Med 6,3 km i luftline mellom havet og grensa til Sverige er det her Noreg er på sitt smalaste sør for Finnmark. Rundt Hellmofjorden er det høge fjell på alle kantar. Hellmofjorden er ei fortsetjing av Tysfjorden, som igjen er ein sidefjord til Vestfjorden. Ein del av Atlanterhavet når med det her heilt inn til den skandinaviske høgfjellkjeda Kjølen.

Under 2. verdskrig var dette ei mykje nytta rute for flyktningar for å kome seg over til Sverige på grunn av den korte distansen. Dette vart tyskarane fort klar over, og framleis kan ein sjå fleire bunkrar langs stien opp mot svenskegrensa.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.