tysk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Heinrich Rudolf Hertz (22. februar 1857–1. januar 1894) var ein tysk fysikar. SI-eininga Hertz for frekvens har fått namn etter han. I 1888 var han den første som beviste eksistensen av elektromagnetisk stråling ved å byggje eit apparat som kunne sende ut radiobølgjer.
Hertz var fødd i Hamburg i Tyskland, i ein jødisk familie som konverterte til kristendomen. Faren hans var advokat i Hamburg, og mora hans var dotter av ein lege. På skulen viste han interesse for både naturvitskap og språk, og lærte blant anna arabisk og sanskrit. Han studerte seinare naturvitskap i Dresden, München og Berlin. Han var student hos Gustav R. Kirchhoff og Hermann von Helmholtz. Han tok doktorgraden i 1880 og var hos Helmholtz til 1883, då han fekk ei undervisningsstilling i teoretisk fysikk ved Universitetet i Kiel. I 1885 vart han professor ved Universitetet i Karlsruhe der han oppdaga elektromagnetiske bølgjer.
Han døydde i Bonn, 36 år gammal, av blodforgifting. Nevøen hans Gustav Ludwig Hertz fekk Nobelprisen i fysikk i 1926, og barnebarnet Carl Hellmuth Hertz oppdaga medisinsk ultrasonografi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.