From Wikipedia, the free encyclopedia
Havniauga (Petromyzon marinus) er ein niaugeart som lever anadromt ved båe Atlanterhavskystane og i Middelhavet. Arten er den største europeiske niaugearten, og kan verta heile 120 cm lang med ei vekt på 2,5 kg. Han lever parasittisk på beinfisk og har vore nær ved å utrydda mange økonomisk viktige fiskeslag i Canada og USA.
Havniauge | |
Havniauge | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Cephalaspidomorphi |
Orden: | Niaugo Petromyzontiformes |
Familie: | Niaugefamilien Petromyzontidae |
Slekt: | Petromyzon |
Art: | Havniauge P. marinus |
Vitskapleg namn | |
Petromyzon marinus |
Som andre niauger manglar havniauga para finnar. Det har derimot to ryggfinnar, den andre er vaksen saman med halefinnen. Huda er marmorert i brunoliven til svart over ein bakgrunn av gult til mørkt brun, og vert mørkare med åra. Dei unge er ofte einsfarga blågrøne på oversida.
Forkroppen til havniauga er sylindrisk, medan bakkroppen er meir flattrykt.
Havniauga lever i havet, som regel ganske kystnært. Eldre individ dreg lenger til havs enn dei yngre. Her lever dei på mellom anna torsk, hyse, laksefisk og kval, som dei syg blod og kroppsvæske frå med ein rund sugemunn full av horntenner.
Dei gyt i ferskvatn i april-juni på grus- og steinbotn frå djupner frå 40 cm og ned. Hannen er territorial og forsvarar ei gytegrop han har grave sjølv. Arten er monogam og døyr etter paring. Larvane vert klekte etter om lag to veker, og lever nedgravne i elvebotnen i 6-8 år før dei vert forvandla til vaksne og vandrar ut i havet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.