From Wikipedia, the free encyclopedia
Handelspost, handelsstad eller handelsstasjon er ei busetjing eller verksemd skipa for å driva handel ein stad.[1] Typisk er slike postar blitt skipa av folk frå fjerntliggjande område for å handla med lokale, men dei kunne også brukast til handel mellom lokale innbyggjarar.[2] Handelspostar er ofte knytte til kolonisering.
Dei gamle grekarane hadde handelspostar kalla emporion. Romarane plasserte ei mengd strategiske handelspostar langs handelsruter som dei kalla emporia.[3]
Hanseatiske kontor var handelsstasjonar skipa av Hansaen i byar der dei dreiv handel.[4]
Langs norskekysten blei det oppretta handelsstader for å driva fiskehandel frå mellomalderen. Desse hadde handelsprivilegium, og var regulerte til å liggja ei norsk mil unna kvarandre. I tillegg til kjøp og sal av fisk blei det også drive handel med nyttegjenstandar, øl og brennevin. Ein kunne også overnatta eller ligga til kai på desse stadene når det var nødvendig.[5]
Manhattan og Singapore blei begge skipa som handelspostar, av høvesvis nederlendaren Peter Minuit i 1624 og engelskmannen Stamford Raffles i 1819. Med tida utvikla dei seg til storbyar.[6][7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.