Human Development Index (HDI, norsk: Indeksen for menneskeleg utvikling) er på same måten som bruttonasjonalprodukt (BNP) eit mål for velstand i landa i verda. Medan BNP måler rikdommen til eit land, er HDI meint å gje eit meir komplett bilete, ettersom det inkluderer fattigdom, lese- og skrivedugleik, utdanning, forventa levealder, fødselstal og andre faktorar. HDI vart utvikla av den pakistanske økonomen Mahbub ul Haq (1934–1998), og har sidan 1990 vorte brukt i FN sin årlege rapport Human Development Report. HDI vert oppgjeve på ein skala frå 0 til 1, der 1 er best. I rapporten frå 2007 ligg Island, Noreg og Australia øvst på lista, medan Guinea-Bissau, Burkina Faso og Sierra Leone ligg nedst.
Sjå òg
- Verdas land etter HDI
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.