norsk konge 1355–1380 From Wikipedia, the free encyclopedia
Håkon VI Magnusson (1340–1380) var konge av Noreg i tidsrommet 1355–1380.
Håkon VI | |||
Seglet til Håkon VI. | |||
Konge av Noreg og Sverige | |||
Regjeringstid | 1355–1380 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Håkon Magnusson | ||
Fødd | august 1340 | ||
Fødestad | Sverige | ||
Død | 11. september 1380 | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Gravstad | Mariakyrkja i Oslo[1] | ||
Gift med | Margrete Valdemarsdotter | ||
Dynasti | Folkungaætten | ||
Far | Magnus Eriksson | ||
Mor | Blanka av Namur | ||
Born | Olav IV av Noreg |
Håkon var son åt den svensk-norske kongen Magnus Eriksson som overlét makta i Noreg åt han i 1355, medan den eldste sonen skulle erva Sverige når han døydde. Eit problem var det difor at Noreg var arverike, medan Sverige var valkongedøme. Difor meinte mange at det burde vera omvendt, noko som førte til strid mellom kong Håkon og far hans på ei side, og bror hans Erik Magnusson av Sverige på hi sida.
Håkon VI Magnusson var gift med dronning Margrete Valdemarsdotter av Danmark, noko som innleidde 434 år med dansk-norsk union.
Håkon VI Magnusson var konge av Sverige frå 1362 til 1364, og regjerte saman med far sin til Albrekt av Mecklenburg kom til makta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.