From Wikipedia, the free encyclopedia
Guido Fawkes (13. april 1570–31. januar 1606), vanlegvis kjend ved den engelske forma Guy Fawkes, nytta òg dekknamnet John Johnson, var eit medlem av ei samansverjing av engelske katolikkar som stod bak krutsamansverjinga i 1605.
Guy Fawkes | |
Statsborgarskap | Kongeriket England |
Fødd | ca. 13. april 1570 York |
Død |
31. januar 1606 (35 år) |
Yrke | militær, soldat |
Språk | engelsk |
Religion | katolisisme |
Far | Edward Fawkes |
Mor | Edith Jackson (Blake) |
Ektefelle | ingen verdi |
Guy Fawkes på Commons |
Samansverjinga var eit forsøk på å ta livet av kong Jakob I av England og medlemene av parlamentet medan dei var samla for den formelle opninga av parlamentet. Målet var å ta livet av den protestantiske eliten og om mogleg få innført katolisismen att i England. Tønnene med krut i kjellaren under Houses of Parliament vart oppdaga, og forsøket mislukkast. Fawkes vart arrestert, og tilstod under tortur. Han vart avretta ved henging, trekking og kvartering.
I Storbritannia og til dels i andre engelsktalande land er det vanleg å feira Guy Fawkes Night, Guy Fawkes-kvelden, eller Bonfire Night. Feiringa skjer kvart år om kvelden og natta den 5. november, til minne om krutsamansverjinga den 5. november 1605.
I samband med feiringa syng ein:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.