Remove ads
fugleart i stormfuglfamilien From Wikipedia, the free encyclopedia
Poseidonlire (Calonectris diomedea), tidlegare underarten C. d. diomedea av gulnebblire, er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Middelhavet og Atlanteren, og hekkar på øyar i Middelhavet.
Poseidonlire | |
Poseidonlire | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av poseidonlire | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Calonectris |
Art: | Poseidonlire C. diomedea |
Vitskapleg namn | |
Calonectris diomedea Scopoli, 1769 |
Denne lirearten er identifiserbar med storleiken, 44–49 cm i kroppslengd og 117–135 cm vengespenn. Poseidonlira har brungrå overside, rein kvit underside med mørk bakkant på vengene, og lyst, gulaktig nebb. Samanlikna med storlire, Puffinus gravis, manglar poseidonlira den brune bukflekken, mørke teikningar under vengene og tydeleg mørk hette slik som storlira har. Poseidonlira flyg lange strekk i glideflukt, jamvel i nesten vindstille, og alltid med nedbøgde venger og litt vinkla tilbake, i motsetnad til stive, rette venger i flukta til storlira. Inn i mellom tar ho 3-4 raske vengeslag.[1]
Poseidonlira er kolonihekkar i bratte fjellskrenter på øyar og ved kysten av Middelhavet. Egglegging tar til i april månad. På seinsommaren og hausten, trekkjer dei fleste fuglane ut i Atlanterhavet, og overvintrar i Sør-Atlanteren. Dei kjem tilbake til Middelhavet i februar. Nokre fuglar trekker vidare inn i Indiahavet[2] og er t.d. sjeldne gjestar ved Madagaskar.[3]
Poseidonlira beitar på blekksprut og fisk, mest på overflata eller ved grunne dukk, dei kan dukke til 15 meter eller meir på jakt etter byttedyr. Dei følgjer lett fiskebåtar. Dette er ein sosial art, som kan sjåast i store mengder frå skip. Dei er stille på sjøen, men gjev håse, kaklande rop i hekkekoloniar.
Portugisarlire (Calonectris borealis) (Cory, 1881) var tidlegare rekna som same arten som poseidonlire. Ho har hekking avgrensa til øyar i Atlanterhavet, har litt større kroppslengd, mindre vengespenn, og eit tjukkare nebb.
Kappverdelire (Calonectris edwardsii) (Oustalet, 1883) var tidlegare rekna som ein underart av Calonectris diomedea, men har nyleg blitt skilt ut som ein eigen art (Snow & Perrins 1998). Kappverdelira er endemisk for Kapp Verde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.