From Wikipedia, the free encyclopedia
Guide (uttalt: «gaid») er ein kunnig person som viser publikum rundt i til dømes eit museum, i eit kunstgalleri, i historiske bygningar, i ein by eller på ein stad, og gjer greie for det som er verdt å sjå og gjere seg kjent med. Guidane kan vere fast tilsette på museet, galleriet og så bortetter, eller arbeide i firma som organiserer turistreiser, i lokale reiselivslag eller liknande private eller offentlege verksemder, eller arbeide som frilansarar som tek på seg oppdrag etter førespurnad. I mange land er det ofte krav til særleg utdanning og ein form for autorisasjon for å kunne arbeide profesjonelt som guide.
I fleire land kan det i mange høve vere forbode å vitje særskilte kulturminne utan at dette vert gjort i lag med ein guide som er knytt til staden. Då har guiden gjerne monopol på å gjere greie for det som er å sjå, og vil reagere om publikum har med seg sin eigne sakkunnige som meir eller mindre openlyst opptrer som konkurrent.
Nemninga guide vert òg nytta om handbøker som er til hjelp for turistar og anna ferdafolk for å finne fram på ukjende stader og få opplysningar om det som er verd å sjå eller vitje der. Dei som mellom anna set pris på gode (og ofte dyre) restaurantopplevingar kan få hjelp av Guide Michelin (Michelin-guiden), og dei som vil sjå seg ikring i verda kan ha nytte av reiseguidar eller turistguidar (reisehandbøker) som til dømes den australske Lonely Planet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.