Guava

From Wikipedia, the free encyclopedia

Guava

Guava eller guajavatre (Psidium guajava) er ei frukt og eit frukttre i myrtefamilien. Guava stammar frå tropisk Amerika. Fruktene liknar pærer på form og storleik, men har blankt skal som kan vera gult, gulgrønt eller raudt. Fruktkjøtet er gulkvitt eller rosa med mange små, harde frø. Frukta kan etast som ho er, men blir også mykje brukt til syltetøy eller til framstilling av guava-rom.

Kjappe fakta
Guava
Thumb
Guava
Status
Status i verda: Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Myrteae
Slekt: Psidium
Art: Guava P. guajava
Vitskapleg namn
Psidium guajava
Lukk

Guava inneheld ca. 184 mg vitamin C, 285 mg kalium, 86 % vann og 205 kJ tilført energi per 100 g etande vare.

Sjå òg

  • jordbærguava
  • feijoa, også kalla vill guava eller ananasguava

Kjelder

«guava» i Store norske leksikon, snl.no.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.