familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Maurpittaer, Grallariidae, er ein biologisk familie av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
Maurpittafamilien | |
Oransjebrystmaurpitta, Grallaria dignissima | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av maurpittafamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurpittafamilien Grallariidae P.L. Sclater & Salvin, 1873 |
Maurpittaer er knytt til skogbotn i lågland og tåkeskog. Dei varierer i storleik frå ca. 10 centimeter for Grallaricula-artane til 24 centimeter for kjempemaurpitta. Karakteristiske trekk for maurpittaer som skil dei frå maurrikser er at står fram som nesten utan hale og at dei føretrekk å ta seg fram på bakken med hopping der maurrikser gjerne går som ei rikse med stjerten peikande opp. Fellestrekk med maurrikser er at mange av artane har lange, kraftige bein og kraftige nebb. Dei kan ha litt triste farger i grått, brunt og raudt, men òg kjennelege mønstre i fjørdrakta. Maurpittaer er sky og sjeldan sett, truleg oftare høyrt ettersom mange artar har kraftige lydytringar.
Grallaria - er store maurpittaer med tydelege mønstre, flekker eller striper i fjørdrakta, dei framstår som runde i kroppsforma med litt brusande fjør. Kjønna er like. Dei er særs sky og vanskelege å observere. 45 av dei totalt 68 artane i familien er av denne slekta.
Hylopezus - er ti relativt mindre maurpittaartar med stripete underside som lever i lågland. Relativt små nebb. Kjønna er like.
Myrmothera - dei tre artane liknar Grallaria-artane, men er mindre, har tynnare nebb og meir ukåre striper i drakta. Brunryggmaurpitta er ein låglandsart, medan tepuimaurpitta er mest vanleg frå 1200 moh. og oppover til 2400 moh.
Grallaricula - er ei slekt med ti av dei minste maurpittaene, verkar små og runde, typisk 10 til 11 cm i lengd. Kjønna er mykje like. Dette er sjeldne fuglar, særs vanskelege å observere i små habitat på skogbotn i tåkeskog. To artar er sårbare, VU, fire er nær trua, NT, okerpannemaurpitta er lista som ein sterkt trua art, EN, av IUCN i 2019.[1]
Fram til ca. 2007 - 2008 var maurpittaer klassifisert saman med maurrikser i familien Formicariidae. I 2002, 2004 og 2005 kom det framlegg om å splitte Formicariidae ut frå funn i gentiske studiar.[2] Det innebar at 12 maurrikser i slektene Formicarius og Chamaeza ligg igjen i Formicariidae medan Grallaria, Hylopezus, Myrmothera og Grallaricula blei flytta til Grallariidae. Pittasoma blei lagt til Conopophagidae, myggetarar. Denne endringa er no reflektert både i lista frå International Ornithological Congress[3] og i Clementslista frå desember 2009[4]
Det er klassifisert 68 artar i fire slekter. Maurpittaer i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
Slekt Grallaria 45 artar
Slekt Hylopezus
Slekt Cryptopezus
Slekt Myrmothera
Slekt Grallaricula
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.