Gjirokastër
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gjirokastër (gresk Αργυρόκαστρο, Arjyrókastro, arumensk Ljurocastru) er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i vest til regionen Vlorë.
Gjirokastër | |||
---|---|---|---|
Gamlebyen i Gjirokastër | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Gjirokastër | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 59 km² | ||
Flatevidd - By |
470 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
28 673 | ||
Koordinatar | 40°42′0″N 19°30′0″E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Gjirokastër kommune innafor regionen Gjirokastër |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Gjirokastër vart slått saman med landkommunane Cepo, Lazarat, Picar, Lunxhëri, Odrie og Antigonë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Gjirokastër.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 19 836 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Gjirokastër, til saman hadde 28 673 innbyggjarar.[1]
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Gjirokastër.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Gjirokastër.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.