From Wikipedia, the free encyclopedia
Garnisonen i Sør-Varanger (ofte forkorta GSV) er både ei operativ avdeling og ein militærleir. Avdelinga er organisert som ein lettinfanteribataljon med om lag 650 soldatar fordelt på fire kompani. Oppdraget til avdelinga er å vakta den 196 kilometer lange grensa mot Russland.[1]
Leiren er underlagd Hæren, og ligg på Høybuktmoen i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Garnisonen i Sør-Varanger gir ut leiravisa Grenseposten. Sjef ved GSV har oberstløytnant sin grad (2010-talet).
Grensekompania i avdelinga består av grensejegerar og hundeførarar. Desse patruljerer og forsvarer grenselinja ved hjelp av snøskuterar, LTK (motorsyklar med seks hjul) og lette patruljebåtar, men grensevakta må òg patruljere til fots og med ski.[2] Dei nyttar både grensestasjonar og eigne observasjonspostar i oppdraget på grensa. Grensejegerane opptrer delvis på vegner av politimeisteren i Øst-Finnmark. Sidan dei kan ta på seg oppgåver politiet normalt gjennomfører, har dei følgjeleg begrensa politimyndigheit. Oppdraget til Garnisonen i Sør-Varanger er dimed både militært og sivilt. Grensevakta er ei av dei få avdelingane i Forsvaret som har skarp ammunisjon i den daglege tenesta. Mannskapet i GSV er utstyrt med semiautomatiske rifler HK416N.
Tenesta ved Garnisonen i Sør-Varanger er delt i to fasar på eit halvt år kvar: Opplæringsfasen og tenestefasen. Alle vernepliktige gjennomgår seks veker med rekruttskule i utdanningskompaniet. Etter rekruttskulen blir ein del av soldatane overført til garnisonskompaniet der dei gjennomfører resten av tenestetida. Dei resterande soldatane blir verande i GrKp/U og blir utdanna til grensejegerar. Etter eit halvårs utdanning, blir grensejegerane sende ut til grensa for å gjennomføra seks månader teneste ved ein av dei seks grensestasjonane. Her skal dei overvaka og kontrollera grensa mot Russland.
GrKp/U er utdanningskompaniet på GSV. Utdanningsperioden i kompaniet på seks månader gir soldatane opplæring innanfor spesifikke disiplinar som:
Per 2009 bestod GrKp/U av fire troppar og kvar tropp hadde fem lag.
GaKp er kompaniet som driftar garnisonen. I kompaniet er det tre troppar:
Grensekompaniet på om lag 100 mann har ansvaret for dei tre grensestasjonane Korpfjell, Elvenes og Grense Jakobselv i nord.
Pasvikkompaniet består òg av 100 soldatar, men har ansvaret for Pasvikdalen i sør. Kompaniet bemannar ein stor grensestasjon ved Pasvik.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.