Gardvord eller haugbonde er eit vette i norsk folketru som held til i ættehaugen ved ein gard og vaktar over folk og eigedom.[1] Vettet er også kjent som gardsbonde, godbonde, haugebonde, tuft(e), tuftekall, nisse og tomt(e).[2]

Den første som rydda garden blei gravlagd i ættehaugen, der han seinare heldt til.[1] Også gardvorden (norrønt garðvǫrðr) kan vera tenkt som den første bonden på garden, rudkallen. I alle høve ser han etter at alt går rett for seg på garden. Han gjev velstand og trivsel om ein står på god fot med han og gjev han dei offera han hadde krav på etter tradisjonen.[2] Det blei gjerne ofra øl, mat og anna til haugbonden på haugen eller ved tuntreet.[1] I nokre landsdelar har han òg hatt eiga seng i huset.[3]

Namnet haugbonde (norrønt haugbúi) er vanleg i Telemark, men førestillinga er allmenn og høyrer til fedrekulten. Stundom er trua på haugbonden knytt til tuntreet, som ein ikkje måtte røra.[1]

Nisse

Thumb
Nissen i «Nissen hos Spekhøkeren» av H.C. Andersen, teikna av Vilhelm Pedersen.

Nisse er eit nyare namn på gardvorden, som i nyare tid er vorte vanlegast, og særleg knytt til jola. Ved joletider er det tradisjon å setja ut graut til nissen. Av nisse er òg laga jolenisse, eit vette som kjem på jolaftan og gjev borna gåver.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.