From Wikipedia, the free encyclopedia
Dome F, òg kalla Dome Fuji (ドームふじ Dōmu Fuji), Valkyrie Dome eller Valkyrjedomen, ligg aust i Dronning Maud Land. Med ei høgd på 3810 moh er han det nest høgast punktet eller iskuppelen på Det austantarktiske isdekket og dannar eit isskilje. Dome Fuji-stasjonen, ein japansk forskingsstasjon, ligg på Valkyrjedomen.
Valkyrjedomen | |||
fjell | |||
Japanske stasjonar i Antarktis | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Dronning Maud Land | ||
• høgd | 3 810 moh. | ||
- koordinatar | 77°30′S 37°30′E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Valkyrjedomen 77.5°S 37.5°E | |||
Valkyrjedomen er ein iskuppel med ei høgd på kring 3700 moh aust i Dronning Maud Land. I 1963-64 kryssa Den sovjetiske antarktisekspedisjonen norddelen av høgda i ei høgd på 3600 meter over havet. Høgda was skissert av SPRI-NSF-TUD under ekkoloddmåling 1967-79. Det vart namngjeven Valkyrjedomen etter valkyrjane i norrøn mytologi.
På grunn av plasseringa på det antarktiske platået og høgda, er Valkyrjedomen ein av dei kaldastane stadane på jorda. Temperaturane stig sjeldan over -30 °C om sommaren og kan falle til -80 °C om vinteren. Den årlege middeltemperaturen er -54,3 °C. Området har klimaet til ein isørken, med særs tørre tilhøve og ein årleg nedbør på berre kring 25 millimeter nedbør i form av vatn. Nedbøren fell utelukkande som iskrystallar.[1]
Dome Fuji-stasjonen (ドームふじ基地 Dōmu Fuji Kichi) vart oppretta som «Dome Fuji observasjonsbase» (ドームふじ観測拠点 Dōmu Fuji Kansoku Kyoten) i januar 1995. Namnet vart endra i 2004. Han er ligg kring 1 000 km frå Showa-basen.
Djup iskjerneboring på Valkyrjedomen vart starta i august 1995 og i desember 1996 hadde ein nådd ei djupne på 2503 meter. Denne første iskjernen dekkjer ein periode som går attende 340 000 år.[2][3]
Kjernekvaliteten ved Dome Fuji-stasjonen i Aust-Antarktis er særs høg, sjølv i dei skjøre områda frå 500 til 860 m djupne.[4]
Ei ny djup iskjerneboring vart starta i 2004. Boringa vart utført i løpet av fire påfølgjande somrar, frå 2003/2004 til 2006/2007, og ein nådde ei djupne på 3035,22 meter. Boret hadde då enno ikkje nådd berggrunnen, men ein fann steinpartiklar og frose smeltevatn i den djupaste isen, noko som indikerer at berggrunnen er særs nær botnen av boreholet. Denne kjernen går attende heile 720 000 år.[5] Isen i den andre Dome F-kjernen er derfor den nest eldste isen som nokon gong er henta opp, berre bak EPICA Dome C-kjernen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.