Frostating lagmannsrett er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg og har sete i Trondheim.

Thumb
Frostating lagmannsrett held til i Tronheim tinghus.
Thumb
Frostating lagmannsrett sine tidlegare lokale på Kalvskinnet i Trondheim.

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.

Jurisdiksjon

Lagdømmet omfattar fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, jamfør oversikta nedst på sida over tingrettar som høyrer til Frostating lagdømme.

Organisering

Domstolen held til i Trondheim tinghus og har faste rettsstader på Molde, i Kristiansund og i Ålesund. Den blir leidd av ein førstelagmann og har i tillegg to lagmenn og 16 fast utnemnde lagdommarar. Den har vidare ein administrasjonssjef og ti funksjonærar.

Historie

Namnet har domstolen fått frå det gamle Frostatinget som vart halde på halvøya Frosta i Trondheimsfjorden. Rettsdistriktet femner stort sett same området som høyrde under (Frostatinget) i seinare tid.

Førstelagmenn i Frostating lagmannsrett

  • Sverre Dragsten, 1991 - 2001
  • Kjell Buer, 2001 - 2009
  • Aage Rundberget, 2010 - 2014
  • Sven-Jørgen Lindsetmo, 2014 -

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.