Wikimedia-fleirtydingsside From Wikipedia, the free encyclopedia
Freding er eit verkemiddel innan lovverket som er meint å ta vare på noko og verna det mot inngrep. Ein kan til dømes freda ein art, eit område, eit bygg eller særskilde ting. Føremålet med fredinga kan vera at ein vil ta vare på eit kulturminne, kulturlandskap, naturlandskap, eller at ein vil verna om ein særskild truga bestand av dyr eller plantar.
Kulturminneloven fastset kva kulturminne som er freda i Noreg. Funn og funnstader frå førhistorisk tid og mellomalderen (fram til 1649) er automatisk freda. Det same gjeld samiske kulturminne som er eldre enn hundre år. Elles kan Miljøverndepartementet freda andre viktige kulturminne.
Freding inneber at ingen skal forandra, ta med seg eller på andre måtar forstyrra eit slikt kulturminne. Riksantikvaren har kontroll med freda kulturminne i Noreg.
Naturvernloven styrer freding av viktige naturområde og truga artar. Direktoratet for naturforvalting står for styret av naturvernet.
Rundt 12,5 % av fastlandarealet i Noreg er verna etter naturvernloven. Område kan fredast på fem ulike måtar: Som naturreservat, nasjonalpark, landskap, naturminne eller biotop.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.