norsk arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Frederik Ludvig Konow Lund (20. oktober 1889–30. august 1970) var ein norsk arkitekt som vert rekna mellom dei beste arkitektane i Noreg på fyrste halvparten av 1900-talet.
Frederik Konow Lund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. oktober 1889 Bergen |
Død |
30. august 1970 (80 år) |
Yrke | arkitekt |
Språk | norsk |
Frederik Konow Lund på Commons |
Han hadde studert kunstsoge ved universitetet i Kristianina (Oslo) frå 1908, og arkitektur ved den tekniske høgskulen i Dresden i Tyskland i åra 1910-1914. I åra 1915-1916 arbeida han saman med Leif Rustad som arkitekt i Bergen, før han tok eit år i Sambandsstatane. Deretter var han assistent hos arkitekt Ole Landmark frå 1917 og fram til han i 1919 skipa sitt eige arkitektkontor i Bergen. Han er mest kjend for dei særeigne einebustadane han har teikna i Bergensområdet. To av dei mest kjende bergenshusa han teikna er Villa Blaauw, som i 1930 vart heidra med Houens fonds diplom, og Villa Konow, som vart freda av Riksantikvaren i 1993.
Frederik Konow Lund gjorde sitt til å skape ein særeigen lokal moderne vestlandsarkitektur basert på dei naturlege byggemateriala og byggetradisjonane i området, slik arkitektane Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson gjorde sitt til å skape ein særeigen austlandsarkitektur.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.