From Wikipedia, the free encyclopedia
Frederick Dewey Smith (14. september 1948–4. november 1994), med scenenamnet Fred «Sonic» Smith, var ein amerikansk gitarist, mest kjend som medlem av det innverknadstunge og politiske rockebandet MC5 frå Detroit.[1] 31 år gammal gifta han seg og stifta familie med rockemusikaren Patti Smith. Dei samarbeidde musikalsk og fekk to barn i lag.
Fred «Sonic» Smith | |||
![]() | |||
Fødd | 14. september 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | West Virginia i USA | ||
Død | 4. november 1994 (46 år) | ||
Dødsstad | Detroit, Michigan i USA | ||
Fødenamn | Frederick Dewey Smith | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–1988 | ||
Sjanger | |||
Instrument | |||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap |
| ||
Verka som |
| ||
Gift med | Patti Smith | ||
Born | Jackson Smith, Jesse Smith |
Etter MC5 stifta Smith bandet Sonic's Rendezvous Band, som gav ut ein singel, «City Slang», medan Smith levde.[2] I 1988 samarbeidde han med Patti Smith på albumet hennar Dream of Life.
Fred Smith døydde i Detroit i 1994 etter eit hjarteinfarkt.[1]
I 2003 rangerte magasinet Rolling Stone Smith på 93. plassen på lista deira over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3]
Bandet Sonic Youth tok namnet sitt etter kallenamnet til Smith.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.