Harald Sunde (fødd 21. februar 1944) er ein tidlegare fotballspelar frå Trondheim, som vann to seriemeisterskap med Rosenborg Ballklub og spelte 39 landskampar for Noreg.

Klubbspel

Nidelv debuterte for Nidelv Idrettslag i 1961. I åra fram til 1965 kjempa Nidelv med mellom andre Rosenborg om å vere det beste fotballaget i Trondheim, og Sunde var den sentral spelaren då Nidelv rykte opp frå 3. divisjon i 1963. Året etter vart Nidelv nummer to og Rosenborg nummer tre i B-avdelinga av 2. divisjon.

Då Rosenborg hadde rykt opp til 1. divisjon frå 1967, melde Sunde seg til teneste fro RBK. Dei komande sesongane danna han eit framifrå angrepspar med Odd Iversen, med Iversen som senterløpar og den meir tekniske Sunde som den som spelte Iversen fri. Allereie i sin fyrste sesong i Rosenborg vart Sunde seriemeister og spelte cupfinale, ein finale som enda med tap mot osloklubben Lyn. Også i 1969 vann RBK og Sunde den norske toppdivisjonen.

I 1970 vart både Sunde og Iversen overført til Racing Mechelen i Belgia. Sunde kom tilbake til Rosenborg i 1972. Etter to år utan suksess i Belgia spelte han på Rosenborg ut 1974-sesongen, på eit lag som var i ferd med å sige ned frå toppen i norsk klubbfotball. Frå 1975 var han spelande trenar på Orkanger. Sunde gjekk tilbake til Rosenborg i 1978, og var med å spele klubben opp frå 2. divisjon. Han spelte nokre få kampar i 1. divisjon i 1979 før han la opp.

Landslagsspel

Sunde debuterte på Noregs landslag i Trondheim den 20. august 1964, i ein kamp som med siger 2-0 over Finland. Fram til 1969 var han ofte med i lagoppstillinga til Noreg, seinare meir sporadisk. Til saman spelte han 39 landskampar og skåra fem mål i tida 1964-73.

Merittar

  • Seriemeister: 1967 og 1969 med Rosenborg
  • Tapande cupfinalist: 1967, 1972 og 1973 med Rosenborg

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.