Fotball-EM 1996

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fotball-EM 1996

Europameisterskapen i fotball 1996 var den tiande europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen, som for fyrste gong hadde 16 deltakarland, vart avvikla i England i tida 8. til 30. juni 1996. Tyskland vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Tsjekkia på Wembley i London. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; London, Birmingham, Nottingham, Sheffield, Liverpool, Manchester, Leeds og Newcastle. 47 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen, mange av desse som ei fylgje av oppløysinga av Sovjetunionen og Jugoslavia.

Thumb
Deltakarlanda i fotball-EM 1996

Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Tyskland og Tsjekkia tok seg til semfinale på 90 minuttar, medan England og Frankrike måtte ut i straffespraktevling før dei endeleg hadde sendt høvesvis Spania og Nederland ut av meisterskapen. Begge semifinalane enda uavgjort, og begge enda med 6-5 i straffeskytinga. Tyskland vann over vertslandet og Tsjekkia over Frankrike.

Englands midtspiss Alan Shearer vart toppskårar med fem mål.

Gruppespel

Gruppe A

Meir informasjon #, Lag ...
#LagKSUTMål±P
1Flagget til England England32107257
2Det nederlandske flagget Nederland311134−14
3Flagget til Skottland Skottland311112−14
4Flagget til Sveits Sveits301214−31
Lukk

Gruppe B

Meir informasjon #, Lag ...
#LagKSUTMål±P
1Flagget til Frankrike Frankrike32105237
2Flagget til Spania Spania31204315
3Flagget til Bulgaria Bulgaria311134−14
4Flagget til Romania Romania300314−30
Lukk

Gruppe C

Meir informasjon #, Lag ...
#LagKSUTMål±P
1Flagget til Tyskland Tyskland32105057
2Det tsjekkisk flagget Tsjekkia311156−14
3Flagget til Italia Italia31113304
4Flagget til Russland Russland301248−41
Lukk

Gruppe D

Meir informasjon #, Lag ...
#LagKSUTMål±P
1Flagget til Portugal Portugal32105147
2Flagget til Kroatia Kroatia32014316
3Flagget til Danmark Danmark31114404
4Flagget til Tyrkia Tyrkia300305−50
Lukk

Finalen

Thumb
Lagoppstillingae til finalistane under fotball-EM 1996

EM-finalen 1996 gjekk av stabelen på Wembley Stadium i London kvelden 30. juni 1996. 73 611 tilskodarar såg Patrik Berger gje Tsjekkia leiinga på straffespark i det 59. minutt, og innbyttaren Oliver Bierhoff utlikne i det 73. minutt. Ved full tid stod det framleis 1-1. Dermed var det klart for ekstra speletid, der ein såkalla «golden goal» ville kunne kåre ein vinnar. Det «gylne målet» kom allereie etter fem minutt, då Bierhoff skåra sitt andre og avgjerande mål.

Tyskland stilte med fylgjande spelarar i finalen: Andreas Köpke, Markus Babbel, Thomas Helmer, Matthias Sammer, Dieter Eilts, Christian Ziege, Thomas Häßler, Thomas Strunz, Mehmet Scholl, Stefan Kuntz og lagkapteinen, Jürgen Klinsmann. Marco Bode, kom inn for Eilts etter pausa, medan matchvinnar Oliver Bierhoff entra bana i det 69. minutt.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.