From Wikipedia, the free encyclopedia
Formannskap eller fylkesutval i fylkeskommunane er namnet på det leiande utvalet i eit kommunestyre dersom kommunen er styrt etter formannskapsmodellen. Formannskapsmodellen er hovudmodellen i kommunelova og dei aller fleste kommunane og fylka er styrt etter denne modellen.
Modellen går ut på at kommunestyret vel eit utval på minimum fem medlemmar blant dei som er valde inn i kommunestyret. Tidlegare sa loven at formannskapet skulle vere ein fjerdedel av kommunestyret. Dette er framleis eit vanleg tal. Formannskapet blir valt ved forholdstal slik at eit parti eller ei grupering som har fleirtal i kommunestyret ikkje kan ta alle plassane i eit formannskap. Formannskapet innstiller på saker til kommunestyret og kan avgjere mindre saker. Formannskapet kan og fungere som andre lov og utval der kommunestyret er pålagt å opprette slike.
Formannskapet vart innført i Noreg i 1837 gjennom formannskapslovene
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.