From Wikipedia, the free encyclopedia
Florida er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen. Haldeplassen ligg på Marineholmen i Bergenhus i Bergen like nord for Nygårdsbroen, og opna 22. juni 2010. Høyteknologisenteret, vitensenteret VilVite, Nygårdsparken, St. Paul skole, tidlegare Florida sjukehus, og eigedomen som Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen ligg på, der òg namnet Florida kjem frå, ligg i nærleiken av haldeplassen. Det er på same eigedom den offisielle vêrstasjonen og målepunktet for Bergen ligg.
Bergenhus bydelsstyre ville fyrst gje haldeplassen namnet Strømmen eller Marineholmen, men det vart seinare endra til Florida etter at Venstre fekk einstemmig fleirtal på eit møte i Bergenhus bydelsstyre i desember 2008.[1][2][3] Hausten 2010 ville Svein Anders Dahl på VilVite-senteret at haldeplassen skulle endra namn til VilVite, men forslaget fekk sterk kritikk, og namnet vart ikkje endra.[3][4][5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.